Ein av desse dagane
Somme feirar berre runde tal og år. 25, 50 og litt tettare etter den tid. Ei eg kjenner meiner at kvar dag, kvart tal, kvart år må feirast. Med dei ein har ikring seg. Så mange som mogleg på samla ferd til hytta i skogen.

Det er i slutten av januar eg kvart år blir eit år eldre. Mitt tal var ikkje så rundt i år, men ei lita feiring vart det. Om det var feiringa som var grunnen til at den lange springturen dagen etterpå vart ein av dei hardaste, veit eg ikkje. Kan hende var det berre Susanne som var i ferd med å finne att forma – eller alderen min som tynga hakket meir.

Eg passerte 42. Ikkje noko rundt tal, men likevel eit merketal for oss som ein gong meldte oss inn i Den Norske Maratonklubb og framleis les statistikkane og resultatlistene i bladet med interesse. Ved 42 er ein framme. Målet er nådd. Distansen tilbakelagt. Endeleg ferdig. Fullført løp.

Og mange vil meine at det er på tide å gi seg. Finne på noko anna. Ikkje late maratonløpet utarte til eit ultraløp.

Mellom 42 og 43 er det at det for alvor tek til å gå utfor bakke, seier ein eg kjenner som sjølv har vori gjennom den smertefulle prosessen. Ein kan trene like hardt, men det går ikkje like fort lenger. Den vesle tilbakegangen som fram til da har vori så gradvis at den kan (bort)forklarast med dårleg dagsform, sterk sidevind eller manglande drahjelp, let seg ikkje lenger kamuflerast.

Kan hende er det like greitt å stanse ved 42 – og finne på noko anna. Hive seg på sykkelen, gifte seg, kjøpe album og arkivere bilete.

Eller i det minste ta ein liten pause og tenkje seg om før ein spring vidare. Kjenne etter at ein er der ein ønskjer å vera. Ikkje berre gjera som ein alltid har gjort fordi det er det enklaste.

Opplevingar undervegs

Sia sist eg passerte eit km-merke i livet, har eg fått fara gjennom varierte og vakre landskap. Det har vori opplevingar undervegs.

Ei av dei som gjorde inntrykk var ein kinofilm som eigentleg var ein konsert med Neil Young. Eg kom meg greitt gjennom både Harvest Moon og Old Man, ja til og med Heart of Gold var vakker, om enn vedmodig, glede. Det var heilt mot slutten av konserten, da Young song One Of These Days, at eg vart sett ut og fekk vanskar med å halde tårene tilbake.

I songen tenkjer Neil Young på alle dei gode folka han har møtt, og som han ein dag skal setje seg ned å skrive eit langt brev til – for å fortelje dei kva dei har betydd. Ein av desse dagane skal han gjera det, og det skal ikkje bli så lenge til.

Ved passering 42 er det det som får blir mi helsing, ikkje ein av desse dagane, men nett i dag:

Takk til alle dykk som oppmuntra undervegs, som serverte ved matstasjonane, som eg fekk springe saman med, som var der og gjorde løpet og livet rikare. Takk for fellesskapen og fighten, for spenninga før start og gratulasjonane i målområdet, for mimringa bakover og planlegginga framover.

Så får vi sjå korleis det går i ultrafasen av livet. Neil Young har haldi det gåande som songar i fem tiår og fyller 62 til hausten.

Kjem eg til mål på det ultraløpet som endar ved 100, skal eg be dykk alle til ein heidundrande fest på Nordberghjemmet.


Ein av desse dagane
skal eg setje meg ned
og skrive eit langt brev
til alle dei gode vennene eg har kjent
Og eg skal prøve
å takke dei alle
for dei gode stundene i lag
sjølv om somme bruer er blitt brent

Ein av desse dagane
og det skal ikkje bli så lenge til

Neil Young (omsett til norsk av Runar Gilberg)

Bli medlem i KONDIS og få hele 8 nummer  i året med
KONDIS
Bladet for alle kondisjonerende


Les om alle medlemsfordeler og tegn abonnement!
FEBRUAR 2007
ÅRGANG 2007
KONDISARKIVET